Korttidsplass på sjukeheimen
Forebyggjande tiltak for å kunne bu heime lengst mogeleg. Bu og behandlingstilbod til sjuke og pleietrengande som ikkje kan bu heime for eit kortare tidsom på grunn av akutte problem.
Kven får tenesta
Tenesta blir tildelt utifrå fagleg vurdering og prioritering og til brukarar som:
- har behov for ein overgangsordning ved utskriving frå sjukehus
- har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov.
treng opptrening/vedlikehaldstrening
- treng sosial stimulering
- akutt behov for institusjonsplass
Kva omfattar tenesta
- Hjelp til personleg hygiene ved behov
- Måltider
- Medisinar og medisinsk forbruksmateriell ved behov
- Fysio- og ergoterapi ved behov
- Under korttidsopphald blir legen på avdelinga brukt
- Sosiale aktiviteter
Korttidsopphald skjer på avd. Tunet på Ål bu- og behandlingssenter.
Kor blir tenesta gitt
Korttidsopphald skjer på avd. Tunet på Ål bu- og behandlingssenter.
Korleis få tenesta
Søknad skjer skrifteleg på søknadskjema til
Tildelingsteamet, Ål bu og behandlingssenter, 3570 Ål.
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søknaden din. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skrifteleg fullmakt som vert lagt ved søknaden.
Det blir innhenta opplysningar for å kunne gjere ein heilheitleg og fagleg vurdering av søknaden. Det blir fatta vedtak i tildelingsteamet. Korttidsplass blir innvilga vanlegvis for 2 - 3 veker. Det blir teke individuelle hensyn.
Lovheimel
Tenesta blir tildelt etter Lov om sosiale tenester og Lov om helsetenesta i kommunane. Viss du ønsker å klage på vedtaket er det klagerett etter lova. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke. Klaga skal sendast til Tildelingsteamet, Ål kommune, 3570 Ål. Klageinstans er Helsetilsynet i Buskerud.
Pris
Sjå Ål kommune sine betalingssatsar for opphald i institusjon. Opphald utover 60 døgn betalast som for langtidsopphald. Rekning på opphaldet
blir sendt ut etterskotsvis.
For meir informasjon, kontakt:
Servicetorget
Åll kommune
Tlf. 32 08 50 00
Avdeling Tunet
avd.leiar
Tlf. 32 08 52 12