Individuell plan

Ein individuell plan skal innehalde ein oversikt over dei tiltak og tenester brukaren har for å kunne leve eit så aktivt og sjølvstendig liv som mogleg. Ein individuell plan er eit verktøy til bruk for samarbeid mellom brukar og tenesteapparatet, og mellom dei ulike tenesteyterane.

Kven får tenesta

Den som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeidd ein individuell plan, dersom brukar har ønske om det.
Individuell plan er aktuelt for alle aldersgrupper.
Avd. psykisk helse er pålagt å utarbeide ein individuell plan for alle sine tenestemottakerar, ikkje berre dei med behov for langvarige og koordinerte tenester.

Kva omfattar tenesta

Ein individuell plan er eit dokument og verktøy. Dokumentet skildrar dei tenestene som skal gi brukaren eit samanhengande og individuelt tilpassa tenestetilbod. Planen skal tydeleggjere det forpliktande samarbeidet og ansvarsfordelinga mellom dei instansar brukaren mottar tenester i frå.

Korleis få tenesta

Initativet kan kome frå deg sjølv eller pårørande, men hovudansvaret for å utarbeide individuell plan ligg i tenesteapparatet.

Søknad skjer skrifteleg på søknadskjema til
Tildelingsteamet, Ål bu- og behandlingssenter, 3570 Ål.
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søknaden din.
Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gi ei skriftleg fullmakt som vert lagt ved søknaden.

Lovgrunnlag

Rett til å få utarbeida ein individuell plan er heimla i Sosialtenestelova § 4-3a og Pasientrettigheitslova § 2-5.

Du kan klage på at du ikkje har fått ein individuell plan eller at planen er mangelfull.
Klaga sender du til :
Tildelingsteamet, Ål bu- og behandlingssenter, 3570 Ål.
Fylkesmannen i Buskerud er siste klageinnstans.

Pris

Tenesta er gratis.

For meir informasjon, kontakt:

Servicetorget,
Ål kommune,
Tlf: 32 08 50 00
Publisert
21.05.2007
Sist endra
28.01.2008
Publisert av
borghild

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune