Heimehjelp

Omtale

Tenesta inneheld nødvendig praktisk hjelp i heimen til alle gjeremål i dagleglivet.

Målgruppe

Personar som har eit særleg behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, rusmiddelmisbruk, alder, eller av andre årsaker.

Vilkår

Heimehjelp blir gitt til dei som ikkje klarer å ha dagleg omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla. Det er kommunen som i samarbeid med søkjaren, avgjer kva for tenester som skal ytast.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste etter sosialtenestelova jf. Lov om sosiale tjenester m.v. § 4-2.

Om betaling, sjå Forskrift til lov om sosiale tjenester, kapittel 8.

Rettleiing

Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å skrive søknaden.

Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Klage

  • Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker etter at meldinga vart motteken.
  • Klagen skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket. 
  • I klagen skal det opplysast og grunngivast kva ein ønskjer endra i vedtaket. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.
  • Klageinstansen er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling. 
  • Melding om utfallet  av klagebehandlinga blir send enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.
 
Publisert
08.11.2007
Sist endra
24.02.2010

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune