Dagsenter ved ergoterapiavdelinga

Eit aktiviseringstilbod for heimebuande med ei funksjonshemming, kronisk sjukdom eller aldring.

Formålet med tenesta

Skal kunne tilby brukaren som har:
* Behov for kartlegging og opptrening av funksjon.
* Byrjande funksjonsvikt - førbygging av vidare funksjonstap.
* Restfunksjon som gjer at brukar gjer seg nytte av plassen.
* Behov for sosial stimulering
* Opphaldet kan vere avlasting for pårørande på dagtid

Korleis få tenesta

Søknad skjer skrifteleg på søknadskjema til
Tildelingsteamet, Ål bu og behandlingssenter, 3570 Ål.
Du kan kontakte servicetorget i Ål kommune for å få hjelp til søknaden din. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gje ei skriftleg fullmakt som vert lagt ved søknaden.

Lovgrunnlag

Tenesta blir gjeve anten etter Lov om helsetenester i kommunene §2-1,1 ledd, eller etter Lov om sosiale tenester § 4-3, avhengig av årsak til søknad er eit ledd i utgreiing, behandling eller om tenesta har som mål og vere avlasting til pårørande, sosial stimulering og aktivisering til brukar.

Pris

Tenesta er gratis, men brukar betalar sjølvkost til kaffikasse.

For meir informasjon, kontakt:

Servicetorget,
Ål kommune,
Tlf. 32 08 50 00

Avd. fysio- og ergoterapi
avd.leiar Birgit Ulshagen
Tlf .32 08 52 61
Publisert
23.11.2005
Sist endra
23.01.2008
Publisert av
borghild

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune