Dagsenter hukommelsessvikt - avd. Stugu
Aktiviseringstilbod for heimebuande med ein begynnande demens.
Formålet med tenesta
Førebyggje auka hjelpebehov.
Gi brukaren høve til å bu lenger i eigen heim og
vere ein del av heilskapeleg omsorgstilbod
Kven får tenesta
Heimebuande, fortrinnsvis eldre med ein demens i utvikling.
Kva omfattar tenesta
Opningstid frå kl 08.00 - 15.00, måndag, tysdag, torsdag og fredag.
Transport tur / retur eigen heim.
Det blir servert to måltid.
Sosiale aktivitetar.
Mogleg å kvile i eige kvilerom under opphaldet.
Korleis får du tenesta
Søknad skjer skrifteleg på søknadskjema til :
Tildelingsteamet, Ål bu- og behandlingssenter, 3570 Ål.
Du kan kontakte Servicetorget i Ål kommune for å få hjelp til søknaden din. Du har rett til å la næraste pårørande eller andre hjelpe deg med søknaden, men då må du gi ei skrifteleg fullmakt som vert lagt ved søknaden.
Det blir gjort vurderingbesøk for å kartleggje behov og gje informasjon om tilbodet.
Det kan søkjast om opphald frå 1-4 dagar i veka.
Søknaden vert behandla i tildelingsteamet.
Vedtak fattast i tildelingsteamet seinast 4 veker etter motteke søknad.
Lovgrunnlag
Tenesta blir gjeve anten etter Lov om helsetenester i kommunene §2-1,1 ledd, eller etter Lov om sosiale tenester § 4-3, avhengig av årsak til søknad er eit ledd i utgreiing, behandling eller om tenesta har som mål og vere avlasting til pårørande, sosial stimulering og aktivisering til brukar.
Pris
Tenesta kostar 69kr per dag.
For meir informasjon, kontakt:
Servicetorget,
Ål kommune
Tlf. 32 08 50 00
Avd.Stugu
Avdelingsleiar
Tlf: 32 08 52 22