Tryggingsplass
Eit tilbod Ål kommune ynskjer å kunne gje innbyggjerane i ein særskilt vanskeleg situasjon, der brukaren sjølv kan skrive seg inn ved institusjon same dag/kveld, og be om opphald frå 1-3 dager.
Kven får tenesta
Det er brukaren sjølv som må setje fram søknad og be om tryggingsplass. Tryggleiksplass kan representere eit sikkerheitsnett dersom allmentilstanden endrar seg, dersom utryggleiken vert for sterk eller dersom det private omsorgsapparatet bryt saman.
Kva omfattar tenesta
Tenesta gjev eit tilbod om tak over hovudet, mat og tilgjengeligheit av personalet på institusjon i ei sårbar periode.
Denne tenesta gjev ikkje krav på medisinske tenester.
I løpet av tida brukaren er inne i institusjon må omsorgstenesta ha vurdert situasjonen og kome fram til løysingar saman med brukar.
Tenesta gjev ikkje rett til forlenga opphald.
Korleis få tenesta
Brukar kan sjølv be om å få tilbodet, anten skrifteleg eller munnleg til
Ål bu og behandlingssenter, 3570 Ål eller til avdelingsleiar/ansvarleg sjukepleiar på vakt.
Lovgrunnlag
Denne tenesta er ikkje eit lovheimla tilbod.
Pris
Tryggleiksplass skal betalast etter reglar om tidsavgrensa opphald i institusjon.
For meir informasjon, kontakt:
Servicekontoret,
Ål kommune,
Tlf. 32 08 50 00
Avdeling Tunet
avd.leiar Marit Øen Li
Tlf. 32 08 52 12