Avlasting

Tilbod til personar med eit særleg krevjande omsorgsarbeid der omsorgsgjevaren treng avlasting i periodar.

Kven får tenesta

Pårørande eller andre som har ei særleg krevjande omsorgsoppgåve og som treng hjelp, støtte og avlasting i periodar.

Avlastning kan gjennomførast ved institusjon, i omsorgsbustad eller i heimen.

Kva omfattar tenesta

Formålet med tenesta er å ta vare på omsorgspersonar i heimen ved å gje nødvendige avlastning.
Denne tenesta har kun som målsetjing å avlaste omsorgsgjevaren.
Avlasting kan i perioder avtalast som faste, regelmessige opphald.

Korleis få tenesta

Det er omsorgspersonen som søkjer om denne tenesta, men brukaren skal vere part i saka.
Søknad skjer skrifteleg på søknadskjema til
tildelingsteamet, Ål bu og behandlingssenter, 3570 Ål.
Du kan kontakte servicetorget i Ål kommune for å få hjelp til å søknaden din.

Lovgrunnlag

Avlasting i institusjon tildelast etter
Lov om sosiale tenester §4-2, pkt b, jfr § 4-3.
Dersom du ynskjer å klage på vedtaket kan dette gjerast innan tre veker etter at svar er motteke.
Klaga sendast:
Tildelingsteamet, Ål bu og behandlingssenter, 3570 Ål.
Siste klageinnstans er Fylkesmannen i Buskerud

Pris

Avlasting er gratis.

For meir informasjon, kontakt:

Servicetorget,
Ål kommune.
Tlf. 32 08 50 00

Avdeling Prestegardsjordet,
avd.leiar Karin Redalen
Tlf. 32 08 54 76

Avdeling Tunet,
avd.leiar Marit Øen Li
Tlf. 32 08 52 12

Avdeling Stugu,
avd.leiar Tone Fossgård Berg
tlf. 32 08 52 22
Publisert
23.11.2005
Sist endra
23.01.2008
Publisert av
borghild

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune