MIC-prosjektet

MIC- prosjektet er det andre store prosjektet, kommune til kommune samarbeid (Municipal International  Cooperation Programme). Dette prosjektet er finansiert av Kommunenes Sentralforbund.

 

 

MIC er KS (Kommunenes sentralforbund) internasjonale utviklingsprogram. Ål kommune, saman med  Stord kommune, starta forundersøking i 2007 som resluterte i ein prosjektsøknad for 2008. Sjølve prosjektet ble satt i verk i mai 2008. Stord har vennskapskommune i Comalapa som ligger ca 1,5 t. frå Sololá.

Hovudmålet i MIC er større deltaking i lokaldemokrati, med fokus på kvinners deltaking.

Sololá kommune har 76 landsbyar av ulik storleik, alle desse har eit lokalt utviklingsråd kalt COCODE (consejo comunitario de desarollo).
64 av desse har eigne kvinneutval, kalt Comición de mujeres.
Alle dei 76 COCODES har og  representantar i  9 kommunale utviklingsråd kalt COMUDES (Consejo municipal de desarollo). Kvar COMUDE har ulike råd for skule, helse infrastruktur og liknande.


Prosjektet har tre satsningsområder:

1. Alfabetiseringsprogram. Det er månge analfabetar i Sololá, og alfabetisering er grunnlag for å delta meir aktivt i lokaldemokrati. Det er ungdom og vaksne som deltek i 7 grupper, dette er eit samarbeid med CONALFA, statlig alfabetiseringsprogram. MIC bidreg med lokale, materiell og lærarar. I tillegg  får deltakarane hjelp til inntekstgivande aktivitetar som grise-oppdrettog tilveknad av såpe eller lys.
I desember var det avslutning av fyrste del og deltakarane fekk diplom av den norske ambassadøren Lars Vaagen som var til stades.

 


2. Opplæring av deltakarane i COCODES. Det blir lagt vekt på deltakaranes roller og ansvarsområder og på gode rutiner for styring, åpenhet og revisjon.

3. Kvinners deltaking i lokalstyre. Målet er å få kvinneutval i alle COCODES, og å få fleire kvinner inn i alle råd og utval.

Her er meir om MIC-programmet

 

 

Publisert
07.01.2009
Sist endra
09.02.2009
Publisert av
Inger Magnum

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune