Fakta om Sololá
Sololá ligg høgt over den vakre Atitlansjøen som er omkransa av vulkaner. Gjennomsnittleg høgde er 2113 m.o.h. og gjennomsnittstemperaturen er 12-18 grader.
Sololá kommune ligg i eit fylke med same namn. På gamle indianske språk tyder namnet ”Svarthyllen sitt vatn” eller ”vende attende til vatnet”.
Sololá kommune har 53.622 innbyggjarar fordelt på 10.272 i byen Sololá og resten fordelt på 66 små og mellomstore landsbyar/grender.

I byen Sololá er det 22 skular og 67 i dei andre landsbyane.

Sololá ligg sørvest i Guatemala. På kartet er Soloá fylke skravert.
Sololá ligg ca 140 km frå hovudstaden.
35% av kommunen er dekka av skog.
Kartet viser dei 19 kommunane i Sololá fylke.
85% av befolkninga er maya-cachikel-indianarar, 5% er maya-kiché og 10 % er ladinos (ikkjeindianarar)
Vanleg månadsinntekt for ein familie er 500 - 800 Q. (1 NOK = 1,13 Q)
Analfabetar over 16 år: 27% menn og 36% kvinner