Fakta om Guatemala

Kart over Guatemala

Guatemala er det nordligaste landet  i Mellom-Amerika, med grense mot Mexico i nord.

 

Flateinnhaldet er 1/3 av Norge.

Mynteininga er Quetzal  ( 1Qtz er ca.1,13kr). Quetzalen er og nasjonalfuglen i Guatemala.

Bilete av Quetzal-fuglen

Bruttonasjonalprodukt per innbygger: 2400 USD

Plassering på FNs levekårsrangering (HDI 2006): 118 (Human Development Index omfatter 177 land hvorav Norge er rangert som nr. 1)

Offisielt språk er spansk, i tillegg finst 20 ulike mayaspråk,td. Quiché,cachiquel og mam.

Skrivekyndige over 15 år: menn 77,3 %, kvinner 62,5 %

Guatemala har ca. 12,6 millionar innbyggjarar, ca.60  % er indianarar. Den ikkje-indianske folkegruppa blir kalla ladinos.

Levealder er 68 år, 61år for ladinos og 45 år for indianarar.

I hovudstaden Guatemala By bur det ca. 3 millionar.

Meir enn 70 % lever under fattigdomsgrensa.

Kaffi er Guatemalas viktigaste  eksportartikkel, men og bananar, bomull, sukker , kardemomme og olje.

Dei fleste er småbønder som dyrkar mais og bønner og litt grønnsaker  til eige forbruk.Landet har og mange og levande handtverkstradisjonar. 

 Kvinnene kler seg i drakter som er knytt til eit område. Kvinnedrakta har to delar; ein huipil (bluse) og corte (skjørt), som er eit opp til 6 m.  breidt vevd tøystykke som blir vikla rundt livet og helde stramt oppe med eit belte.  Ofte har dei og fine vevde band i håret. Mange kvinner  vev, og vevnadene er fargesterke med ofte innvikla mønster. Dei blir vovne på hoftevevar. Renning ved kooperativ i Sololá

Klimaet er fuktig og tropisk i låglandet.  Mens det er mykje fjell i innlandet. Det er mange vulkanar og landet ligg  i ei jordskjelvsone.Under det store jordskjelvet  i 1976 vart om lag 25000 drept. Det vart kalla ”det velsigna jordskjelvet” for det var med å opne augo for omverda for den undertrykkjinga som gjekk føre seg i Guatemala.

Landet har hatt eit militærdiktatur frå 1954 til 1996,150 000 menneske forsvann sporlaust desse åra under militæret sine dødspatruljar. Norge spela ei viktig rolle i fredsprossessen med Petter Skauen som fredsmeglar frå Kirkens Nødhjelp.

Rigoberta Menchu, ei indianarkvinne, fekk Nobels Fredspris for indianarane sin fridomskamp i 1994. Norge har fortsett med å ha eit nært samarbeid med Guatemala, og mange norske kommunar har vennskapssamarbeid med kommunar der.

Etter fredsavtala i 1996 kom URNG, den tidlegare geriljaen til makta.

14. januar 2008 tok sosialdemokraten Alvaro Colom over som president i Guatemala. Han ble valgt i november 2007 for det det sentrum-venstreorienterte partiet «Nasjonal enhet for håp» (UNE) med 52,84 % av stemmene, og er landets føste sosialdemokratiske president. 

Bilete . solnedgang over Atitlànsjøen

Publisert
16.12.2008
Sist endra
11.01.2009

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune