Ål - Sololá feirar 10 år

Det er 10 år sidan vennskap mellom kommunane Ål og Sololá i Guatemala starta.

Denne veka markerer me jubileet med eit omfattande program for ein delegasjon på 7 personar frå vennskapskommuna vår.

Fredag 18.9 vert det jubileumsfeiring med mat og sosialt samvere på Ål ungdomsskule frå kl 18.

Laurdag 19.9 spelar musikarar frå Sololá på kulturkafeen kl 13:30.

Alle er velkomne!

 

 

Publisert
16.09.2009
Sist endra
16.09.2009

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune