Utlån/Utleige av utstyr til skular, barnehagar og frivilluge organsiasjonar
Miljøkontoret har fylgjande utstyr til lån/leige:
Kano med årer
Redningsvestar (10 stk.)
Lavo
Reinsskinn
Stormkjøkken (3 stk.)
Speidarknivar (10 stk.)
Fuglekikkertar (10 stk.)
Pilkeutstyr (20 sett)
Isbor
Fiskestenger (2 stk.)
Utstyrskasser for undersøking av smådyr i vatn/på land (3 sett)
Brosjyrer, rapportar og anna infomateriell om miljøspørsmål.
Kva er det tenesta ikkje dekker/omfattar?
Frakt av utstyret.
Søknadsfrist
Den som er fyrst ute med å tinge utstyret får låne det.
Utstyret kan tingast ved å ringe Servicetorget 3208 5000
Sakshandsamingstid/svartid
Når du ringer får du svar om utstyret er ledig.
Publikum/brukar sine plikter
Du får låne utstyret i avtalt tidsperiode og kan etter nærare avtale få rettleiing i bruk av utstyret før lån.
Du pliktar å oppgi namn og telefonnr. på kontaktperson og tidspunkt for når utstyret vert levert.
Lånar pliktar å handsame utstyret med varsemd og erstatte tapt eller øydelagt utstyr. Unnateke er slitasje som skuldast vanleg bruk.
Utstyret skal vera reingjort og tørka før det vert levert attende.
Lånar må sjølv hente og levre utstyret attende til avtalt tid.
Pris
Tenesta er gratis for skular og barnehagar.
Lag og organisasjonar må betale døgnleige for lavo og for kano (båe kostar kr.50.- pr. døgn).