Dersom du har behov for å køyre snøskuter i Ål kommune, må du i dei fleste tilfelle søkje om løyve.
Sektorutval for teknisk, næring-og ressurs i Ål kommune har vedteke prinsipp for tildeling av løyver til å køyre snøscooter.
Søknadar om løyve til å bruke snøskuter vert handsama etter "Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, Nasjonal forskrift for bruk av motrokjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.
Det er høve til slik køyring utan særskilt løyve:
* Køyring i samband med politi-og ambulanseoppdrag
* Oppsynsverksemd med heimel i Lov
* Naudsynt person og godstransport i jord-og skogbruksnæring.
* Naudsynt transport i samband med gyldig byggjeløyve
* Naudsynt transport for drift av turistanlegg som ikkje ligg ved brøyta veg.
* Naudsynt transport av ved frå eigen eigedom til fast bustad.
For desse køyreformåla treng du ikkje søkje kommunen om løyve.
Køyring du må søkje om løyve til:
§ 5.a Leigekøyring
Fastbuande som treng attåtnæring, kan søkje om løyve til å ta på seg følgjande transportoppdrag for andre:
* Transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte.
* Tilsyn med privat hytte på oppdrag av eigar.
* Transport for massemedia på reportasjeoppdrag.
* Transport for funksjonshemma.
* Transport av ved.
* Transport som det er gjeve løyve til etter § 6 ( Sjå under).
§ 5.b Køyring for funksjonshemma.
Gjeld køyring med eigen snøscooter for varig funksjonshemma personar. Legeattest skal sendast inn ved søknad om løyve.
(Løyve vert gjeve for 5 år om gongen)
§ 5.c Transport til eigen hytte.
Eigar av hytte for transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå brøyta bilveg, når det i området ikkje er høve til leigekøyring. I Ål kommune er leigekøyringstilbodet så godt utbygd at det som regel ikkje vert gjeve slike løyver.
§ 5.d Køyring i utmarksnæring for fastbuande.
Døme på slike løyver er transport til eigne utleigehytter.
Løyvet vert gjeve for 5 år om gongen.
§ 5.e Transport av ved
Løyve gjeld transport i samband med kjøp av "ved på rot" ( når du skal hogge ved i skogen sjølv) og blir gjeve for eit avgrensa tal turar kvart år, med krav om å sende inn køyrerapport ved søknad om fornying av løyvet.
§ 5.f Gruppeturar for bebuarar på helse- og omsorgsinstitusjonar, medlemmer av pesnsjonistforening eller forflytningshemma.
Løyve gjeld berre langs faste trasear og viss køuyringa skjer i regi av helse- og omsorgsinstitusjonar eller ideell organisasjon
§ 6 Andre unnatak.
D.v.s. hvis den som søkjer har særskild trong for snøscootertransport som ikkje knyter seg til turkøyring, og som ikkje kan verta dekt på anna måte. Løyvet vert gjeve for 1-10 turar om gongen, med krav om å sende inn køyrerapport (oversikt over tidspunkt og strekning for kvar tur).
Områder i Ål med særskilde reglar:
* All motorisert ferdsel i Reineskarvet sameige er forbode.
* Motorisert ferdsel i verneområda Fødalen landskapsvernområde og Tuftelia skogreservat krev særskild løyve.
* I LNF villreinområde (delar av fjellområda i Ål som er viktige vinterbeiteområde for villrein, jfr. kommuneplankartet for Ål) er køyring normalt berre tillate i perioden 15.12-30.4.
Godkjende køyreformål i desse områda er leigekøyring, køyring til eigne utleigehytter og handverkaroppdrag som ikkje kan skje på anna tid av året.
Andre tidsrom eller køyreformål krev godkjenning frå villreinutval/villreinnemnd.
* Løypekøyring:
Fast oppmerka ski-transportsleper skal vera godkjende av kommuna. Før kommuna gjev løyve må det føreliggje skriftleg godkjenning frå grunneigarar. I LNF villreinområde kan sesongen avgrensast f.o.m. vinterferien t.o.m. påskeferien.
Publikum sine rettar.
Du får vurdert søknaden etter gjeldande regelverk, og får attende eit grunngjeve svar om søknaden er innvilga eller ikkje.
Dersom den ikkje vert innvilga, vil du ofte få melding om det går an å få leigd snøscootertransport.
Ved misleghald av løyver, eller dersom føresetnadane for løyvet fell bort, kan dispensasjonen dragast inn med ein gong.
Søknadsfrist
1,5 månadar før køyring skal skje, eller når det vert utlyst på annan måte.
Sakshandsamingstid/svartid
Me har sett ein frist på 1,5 månadar. Dette for å få nok tid hvis søknaden må opp til politisk handsaming. (Sektorutval for teknisk, næring og ressurs.)
Framgangsmåte for søknad
Fyll ut eige søknadsskjema (last ned skjema frå boksen til høgre), og send dette til Ål kommune.
Klagerett/framgangsmåte ved klage.
Du kan klage på eit vedtak.
Klaga må vera skriftleg og den må sendast til Ål kommune seinast 3 veker etter at melding om vedtak er motteke. Dersom Ål kommune ikkje ser at det er nye moment i saka som gjer at det bør fattast eit anna, eller endra vedtak, vert klaga automatisk sendt til fylkesmannen i Buskerud, som tek endeleg avgjerd i saka.
Sakshandsamingstid er sett til 1-3 månader etter at klaga er motteke hjå oss. Tida vil variere i høve til tidspunkt for møte i hovudutval for næring og ressurs, og om saka må opp til handsaming hjå Fylkesmannen.
Publikum/brukar sine plikter:
Publikum må oppgje navn, adresse, registreringsnummer på snøskuter, køyrestrekning ( helst innteikna på kart) formål med køyringa og tidsrom for når køyringa skal skje.
Dersom løyve vert gjeve, pliktar løyvehavar å:
* feste det tildelte nummermerket på vindskjermen
* ha med løyveseddelen under køyring.
* varsle om endringar t.d. nytt registreringsnummer.
* følgje fast oppkøyrde/merka transportsleper så langt det er mogleg.
* ta særskild omsyn til villrein sine trekkvegar og beiteområder.
* I LNF villreinområde er køyring vanlegvis berre tillatt i perioden 15.12-30.4.
Den som har leigekøyringsløyve pliktar å ha med køyreskjema der alle oppdrag skal førast inn.
Kopi av dette skjema vert å sende inn til Ål kommune innan 1.6 kvart år.
Dersom køyrelistene ikkje vert sendt inn, vert løyvet trekt attende.
Pris:
gratis
Fleire opplysningar:
Fleire opplysningar får du ved å lesa Miljøverndepartementet sitt rundskriv
Rundskriv T-6/09
Køyreliste