Gaupesporing

Bilete av gaupe

Snøen har gjort sitt inntog over størsteparten av landet. No er det atter mogeleg å finne spor etter gaupe.

I det nasjonale overvakingsprogrammet for store rovdyr skal Statens naturoppsyn (SNO) registrere spor etter gaupe. Registreringa skal foregå fram til utgangen av februar. Observasjonane gjeld forttrinnsvis spor etter familiegrupper av gaupe.
 
I  dette arbeidet er forvaltninga heilt avhengig av at folk melder frå til SNO’s lokale rovviltkontaktar når de finn spor etter gaupe.
 
Dersom ein treffer spor etter fleire gauper, så bør dette straks meldast  til den lokale rovviltkontakten. Rovviltkontakten vil då foreta feltkontroll og vurdere om det er ein gaupefamilie som har vore på vandring.

Rovviltkontakt i Ål
 
Gaupene går ofte i spora til kvarandre. Det kan derfor sjå ut som det berre har vore eitt dyr som har gått der sjølv om det er ein heil familie. Men dei ”splitter seg” og går ved sida av kvarandre innimellom. Ved å følge sporet over lengre avstand kan det dokumenterast om det er ei familiegruppe eller ikkje.

Sporing av gaupe 
   
 

Publisert
23.12.2008
Sist endra
01.10.2010
Publisert av
Inger Lervåg

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune