Vilt - Fiske - Jakt
Ål har alle dei vanlege dyr-og fugleartar som ein finn i Sør-Noreg, m.a. har vi gode bestandar av alle fire hjorteviltartane. Ein og anna bjørn, ulv og jerv streifar gjennom skogane våre frå tid til anna, og vi har ein relativt stor gaupebestand som det vert jakta på kvar vinter. Vi har bra bestand av orrfugl, medan det er mindre storfugl og rype. Dette kan variere frå år til år.
Viltforvaltning
Melding om påkøyrt vilt skal ein gje til Vilt- og innlandsfiskenemnda:
Namn: Mobil Privat
Knut Birger Rust 976 82 933
Ove Flatland 916 78 244
Einar Lauvang 913 23 308
eller til Lensmannen i Ål tlf. 32 08 61 00
Elg og hjort
Forvaltninga av elg vert utført i samarbeid mellom rettigheitshavarane og kommuna, representert ved viltnemnda.
Vilt- og fiskeforvaltar Ragnar Haga er sekretær for viltnemnda.
Jaktlaga i kommuna er eit forvaltningsområde. Ål Elgvald har driftsplanar for sine areal.
I 2007 vart det felt 100 elg og 8 hjort.
Rådyr
Den einskilde rettigheitshavar søkjer kommuna om godkjenning av vald for rådyr. Ei rekkje grunneigarar har avtalar med jeger-og fiskeforeiningane om utleige av jakt.
Rein
Villreinstamma i Nordfjella har sine viktigaste vinterbeiteområde i Ål kommune. Det er vedteke ein eigen villreinplan for å sikre tilfredsstillande levetilhøve for villreinen.
Fisk
Ål har ei mengde vatn og elver med mykje fisk, og moglegheitene for stongfiske er gode.
Hallingdalselva og mange vatn er med på felleskortet " Stangfiske i Ål.
Dette er tilsalgs på turistinformasjonen, sportsforretningane, overnattingsbedriftane m.fl.
For ein del av desse vatna må du løyse fiskekort før du reiser til fjells, men det vil også kunne stå betalingskasser ved private fjellvatn.