Friluftsliv i Ål

Ål kommune vart i 1997 kåra til årets friluftslivskommune.

I november i 1997 fekk Ål kommune, som den fyrste kommunen i Noreg, tildelt prisen "Årets friluftslivskommune 1997".

Det er Friluftslivets fellesorganisasjon, FRIFO, i samarbeid med Freia som deler ut denne prisen.
I juryen sat mellom andre kjende friluftslivsfolk,som Vegard Ulvang og sydpolfararen Liv Arnesen.

Målet med prisen er å kåre den kommuna i Noreg som gjev innbyggjarane det beste friluftslivstilbodet. Det var omlag 65 kommunar som deltok i tevlinga i 1997.

Ål kommune har dei seinare åra gjort mykje for å leggje til rette for eit godt friluftsliv både i sentrum og på fjellet. Mellom anna er det opparbeidd 280 km merka skiløyper, 150 km merka turstigar, 25 km av "sykkelveg 7" som går gjennom Hallingdal og omlag 10 km rydda og merka fiskestigar, dette for å nevne noko.

Fisk

At Ål kommune er ein kommune som vektlegg miljø og friluftsliv i stor grad, går og fram i Kommuneplanens langsiktige del, der det mellom anna står at "Alle i bygda skal ha gode og allsidige høve til fysisk aktivitet som mosjon, friluftsliv og idrett for å sikre helse og trivsel."
Innbyggjarane i Ål veit å sette pris på tilbodet. Ei brukar- undersøking frå 1996 synte at ålingane vurderte tilhøva for friluftsliv som svært gode, og gav kommunen ein gjennomsnittskarakter på 5.6, der skalaen gjekk frå 1-6!

Det er ikkje berre kommunen gjennom dei tilsette som har jobba for at tilhøva ligg til rette slik som dei gjer i dag. Også barn og unge har gjennom skulene og barnehagane delteke aktivt. Mellom anna har dei vore med på å utarbeide temakartet "Grøne verdiar", som tek for seg friluftsliv, rekreasjon, kultur, natur, og område som vert brukt av barn og unge.
Kommuneplanutvalet har vedteke at ein ved planlegging av nye utbyggingsprosjekt i sentrum skal gjera miljøkonsekvensvurderingar i høve til dei tema og element som er teikna inn på dette kartet.

I tillegg til temakartet har skulene og barnehagane også gjennomført prosjektet "Opplev Ål gjennom barneauge", som ein start på auka satsing innan friluftsliv og miljølære.

Alle skuler og barnehagar har samarbeidd om produksjon av eit hefte med kart og omtale av ialt 25 turar i Ål kommune. For kvar tur har ungane teikna og forklart kva som er verdt å sjå (natur- og lokalhistorie). Heftet er i salg til innbyggjarar og husstandar. Eit liknande hefte med omtale av 12 vinterturar er og gjeve ut.

Juryen ønskte å gje Ål kommune honnør får at me ikkje har slått oss til ro med dei naturgjevne tilhøva me allereie har, men i tillegg målretta har engasjert oss i å skape eit aktivt og mangfoldig friluftsliv i kommuna.
Dei viste og til at friluftsinteressene er vektlagt i styringsdokument og i arealdisponeringar, samt at kommunen har satsa på kombinasjonen med kulturtiltak.
For det tredje medverka satsinga på prosjektet "Opplev Ål gjennom barneauge" til at me fekk prisen.

Ein fjerde ting som og gjorde at juryen samla seg om Ål, var innbyggjarane si positive attendemelding til det kommunen hadde å tilby når det gjaldt friluftsliv.
Ål kommune er glad for å ha fått tildelt denne prisen, eit teikn på at me er på rett veg. Me er likevel klar over at dette er ein pris som forpliktar, og ikkje er ei sovepute. No vert det, om mogeleg, enno viktigare for oss å samordne fleire tiltak i tråd med dei mange me har frå før.
Ål kommune vil rå andre kommunar til å samarbeide med skular og barnehagar for å få oversikt over nærfriluftslivstilbod og gjere dette betre kjend.
For fleire opplysningar, ta kontakt med Reidun Aaker.

Oversikt over preparerte skiløyper i Hallingdal: http://www.skihallingdal.info/html/preparerteloyper.html

Publisert
30.11.2009
Sist endra
30.11.2009
Publisert av

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune