Biologisk mangfald

Kommunane i Hallingdal har kartlagt verdfulle naturtyper.

Bilete av blomar

Føremålet med kartleggjinga var å finne dei områda som er særleg verdfulle og gjera grunneigaren merksam på kva verdiar han/ho har.

Dei grunneigarane det gjeld, får tilsendt kart og omtale av kva som er særleg verdfullt og framlegg til korleis han/ho kan ta vare på området.
Dei verdfulle naturområda kan vera artsrike blomeengar, rike myrar, styvingstre, hekkeplassar for sjeldne fuglar osb.

Om lag 150 verdifulle naturområde i Ål er avmerkt på kart.

Resultata etter registrering av verdfulle område for biologisk mangfald er langt inn DN sin Naturbase. Opplysningar som ikkje er offetlege er ikke tilgjengeleg i basen.

Smalfrøstjerne

Ål kommune har fått i oppdrag å ta særkilt vare på denne raudlistearten. Smalfrøstjerne er knytt til turr slåtteeng og beitemark og er i sterk tilbakegang .

 

Publisert
12.12.2007
Sist endra
27.05.2011
Publisert av
Reidun Aaker

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune