Bålforbod

Generelle reglar:

Det er forbode å gjera opp eld på ein slik måte at det kan føre til brann.
Det er eit generellt bålforbod i Norge i perioden 15.04 - 15.09Bål

 

I denne perioden er det ikkje tillatt å tenne bål i skog og mark utan løyve frå den lokale brannsjefen.

Ta i tilfelle kontakt på vakttelefonen for Ål 992 87863 

 
I samband med miljølære-opplegg kan skular og barnehagar søkje om dispensasjon.

Brenning av produksjonsavfall er ikkje tillatt. Slikt avfall må leverast til godkjent deponi.

Bråtebrenning og anna brenning av hage- og jordbruksavfall må ikkje utførast i eller nær tettstader eller der røyken kan vere til sjenanse for andre. Røyk kan føre til helse- og trivselsproblem, særleg for folk med astma-plager.


Flatebrenning/brenning av hogstavfall i skogmark samt gras- og lyngsviing i eller i nærleiken av skogmark skal ha ein ansvarleg leiar som skal ha utarbeidd plan for brenninga som sikrar at dette skjer på ein forsvarleg måte. Det skal sendast melding til brannvesenet i eigen kommune.

Ulovleg brenning som fører til utrykning kan medføre krav om kostnadsdekning frå kommunen.

Sjå også:

Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Ål kommune, frå januar 2010

Publisert
08.11.2007
Sist endra
17.01.2011
Publisert av
teb

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune