Skjenkeløyve


Jfr. §1-7 i Alkohollova blir løyve til salg og skjenking av alkohol gjeve av kommunen.

Det kan søkjast på elektronisk eller manuelt skjema, sjå meir  opplysingar til høgre på sida.  

Fast skjenkeløyve
Løyvet gjeld for serveringsstader og pubar der det skal skjenkast alkoholhaldig drikk. Det kan søkjast om løyve i gruppe 1, 2 og 3. Skjenkeløyvet blir behandla av formannskapet og søknaden blir sendt til uttale hjå lensmannen og skattemyndighetene og helse og soialutvalet i kommunen.  

Ved tildeling av skjenkeløyve skal det oppnemnast ein styrar og ein stedsfortreder. Styrar må vere tilsett i bedrifta eller ha ein vesentleg del av inntektene frå drifta i form av eigarstilling. Kunnskapsprøve om alkohollovgjevinga må vere bestått av styrar og stedsfortreder.

For meir informasjon, sjå opplysningane til høgre under sjølvbetening.

 

Ambulerande skjenkeløyve.
Skal du feire bryllup, ha eit jubileum etc. og leiger lokale som ikkje har fast skjenkeløyve, må du søkje om ambulerande skjenkeløyve til slutta selskap. Det må vere ein ansvarleg skjenkestyrar. Det er ikkje krav om kunnskapsprøve for skjenkestyrar. Søknadsfristen er seinast 1 veke før arrangementet.

Gebyr: kr. 250,-.

Sjå meir informasjon til høgre på sida om sjølvbetening.

 

Skjenkeløyve for eit einskild arrangement.
Det kan søkjast skjenkeløyve til eit einskild arrangement. Dette kan vere dansefestar, konsertar og lignende  i lokaler som ikkje har fast skjenkelyve. Det blir stilt krav om godt vakthald i samband med arrangementet og at det blir gjeve god intern opplæring til dei tilsette/vaktselskapet i forhold til alkollova.

Gebyr: kr. 1.000,-

Sjå meir informasjon til høgre på sida om sjølvbetening.

 

Lovverk som gjeld:
Ruspolitisk handlingsplan for Ål kommune
Alkohollova

 

 

 

Publisert
27.11.2007
Sist endra
18.03.2011