Forskning og Utvikling

I Hallingdal er det Ål kommune som har det sterkaste fagmiljøet innan helse. Dette er utvikla gjennom dei siste 30 åra, sidan Hallingdal Sjukestugu vart opna i 1979.

 

Regionrådet har vedteke at Hallingdal Sjukestugu skal vidareutviklast etter lokale behov og dei signal som kjem gjennom samhandlingsreforma. Rådet har vidare vedteke at dei interkommunale helsetenestene som kommunane i Hallingdal finn det nødvendig å byggje ut i tråd med samhandlingsreforma, vert knytt til sjukestugu.


I 2008 vart Hallingforsk og Undervisningssjukeheimen for Buskerud opna i Ål.

 



I strategisk næringsplan for Ål 2009-2012, vedteke i kommunestyret 20.11.2008, er helse og omsorg, forsking og utvikling eit av hovudsatsingsområda. I tråd med dette er det oppretta eit to-årig prosjekt (2010-2012) der målet er å utvikle ein næringshage innan FoU. Prosjektet er kalla Prosjekt Hallingdal FoU-hage.

 

Sjølv om basis i starten blir forsking og utvikling knytt til helse, er det intensjonen at hagen skal utviklast til å femne om fleire fagfelt.

 

Målet med prosjektet er å skape ei attraktiv næringsklynge/samarbeidsarena av offentlige organ, bedrifter og enkeltpersonar knytt til Forsking og Utvikling. Ein skal organisera FoU-hagen slik at det vert skapt attraktive arbeidsplassar og at ein tiltrekker seg spennande miljø og ressurspersonar.

 

Kontaktpersonar i prosjektet er prosjektleiar Kenneth Nordahl-Pedersen eller næringskonsulent Are Fosse.

Publisert
26.05.2010
Sist endra
23.09.2010
Publisert av
Are Fosse

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune