Tilskot til miljøføremål i skog

Tilskot etter ordninga føreset at miljøverdiane er registrert etter ”Miljøregistreringar i skog ” (MiS) metodikk. Alle tiltak etter ordninga skal godkjennast på førehand av kommunen. Søknadsskjema finn du under.

Tilskot kan gis til:

a)      Dekking av meirkostnad eller tap ved å gjennomføre skjøtseltiltak for å ivareta og utvikle miljøverdiar.

b)      Delvis dekking av økonomiske tap knytt til langsiktig bevaring av spesielle miljøverdiar, der omsyn til desse krev at skogeigarren avstår frå hogst eller legg om skogsdrifta.

c)      Dekking av meirkostnad ved skogsdrift for å unngå vegbygging som vil redusere ”villmarksprega område”.

Miljøinformasjon etter ordninga vil vere offentleg tilgjengeleg.

Ingen søknadsfrist. Søknadane vert handsama av kommunen. Fylkesmannen i Buskerud er klageinstans.

Søknaden må innehalde kart og utdrag av opplysningane frå MIS-registreringa som skogeigar har fått tilsendt.
Hjelpeskjema for utrekning av tilskot må og vera fyllt ut og følgje søknaden.

Søknadsskjema og forskrift om tilskot til miljøtiltak i skog

Hjelp til å fylle ut skjema kan du få ved å vende deg til servicetorget.

Publisert
02.02.2011
Sist endra
02.02.2011
Publisert av
Reidun Aaker

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune