Bygging av landbruksveg
Bygging av skog- eller jordbruksveg, både bilveg og traktorveg, kan ikkje starte før godkjenning er gjeve av kommunen. Det er søknadsplikt både ved nybygging og opprusting av eksisterande veg.
Unntatt søknadsplikt er enkle driftsvegar som gir små terrenginngrep; fylling eller skjæring over kortare strekningar der avviket frå terrengnivå er mindre enn 1 meter.
Søknad
Skjema og rettleiing finn du her.
Veglina innteikna på kart 1:5.000 (ØK) og i målestokk 1:50.000 skal fylgje søknaden. Opplysningar om landbruksressursar innanfor dekningsområdet til vegen må fyllast ut. Spesielt viktig er det at estimert byggekostnad og forventa transportvinst er sett opp ( kalkyle kan leggast ved).
Dersom vegbygginga vedkjem naboar og rettigheitshaverar skal desse varslast gjennom kopi av vegsøknad og liste over personane skal leggast ved søknaden til kommunen.
Dersom bygging omfattar ny avkøyring frå eksisterande kommunal veg eller fylkesveg, må du søke om avkøyringsløyve. Info om dette får du på servicetorget.
Vilkår
Kommunen kan seta nærare vilkår for bygging av omsøkte veganlegg.
Saksgang
Det er ikkje handsamingsgebyr på vegsaker. Det er ingen spesiell søknadsfrist, sakene vert handsama etter kvart.
Kommunen oversender søknaden til høyringsinstansane som er Fylkesmannen i Buskerud og Buskerud Fylkeskommune. Høyringsfrist er minimum 1 månad, men ved evt. trong for synfaring på barmark må lengre tid påreknast. Etter høyringsrunden tek kommunen stilling til søknaden. Kurante saker tek rådmannen på delegasjon medan saker der det er innvendingar til vegbygginga, vert avgjort av politisk nivå som er sektorutval for teknisk, næring og ressurs.
Kommunalt vedtak kan påklagast av både søkjar, høyringsinstansar og andre som er å rekne som part i saka. Du må derfor vente i 3 veker etter evt. godkjenning frå kommunen før vegbygginga kan starte.
Nærare opplysningar vedr. søknad om bygging av landbruksvegar går fram i Forskrift om planlegging og godkjenning av vegar til landbruksføremål