Konsesjon erverv av fast eigedom

Viss du skal kjøpe fast eigedom eller leige eigedom for meir enn 10 år, må du som regel søke kommunen om konsesjon.

Erverv av landbrukseigedom med totalareal 100 daa eller meir eller der det  fulldyrka eller overflatedyrka arealet er større enn 25 daa er konsesjonspliktig. Handsaming av søknader skjer etter konsesjonslova.

Føremål

å regulere og kontrollere omsetninga av fast eigedom. Det er viktig å ha eit effektivt vern om landbrukets produksjonsareal og slike eigar- og brukstilhøve som er mest ganglege for samfunnet. Det skal m.a. tilgodesjåast:

• framtidige generasjonar sin trong,

• landbruksnæringa,

• trongen for utbyggingsgrunn,

• omsynet til miljøet,

• allmenne naturverninteresser og friluftsinteresser,

• omsynet til busetting

 

Målgruppe

Kjøpar av landbrukseigedom og/eller landbruksressursar og i høve der eigenfråsegn om konsesjonsfritak ikkje kan nyttast.

 

Saksgang

Søknadsskjema:

Søknad om konsesjon

 

 

 Saman med søknad om konsesjon skal det leggast ved kopi av kjøpekontrakt samt kartutsnitt som syner den omsøkte eigedomen. (Kart kan du skrive ut frå "gardskart på internett" frå Skog og landskap.)

 

Konsesjonssøknad skal sendast til utviklingsavdelinga i Ål kommune som handsamer saka. ”Kurante” saker tek rådmannen etter delegasjon medan andre søknader vert lagt fram til politisk handsaming i Sektorutval for teknisk, næring og ressurs.

Kommunen skal i si sakshandsaming mellom anna legge vekt på (jf konsesjonslovas §9:

”§ 9 i konsesjonslova (særlige forhold for landbrukseiendommer):

        Ved avgjørelsen av søknad om konsesjon for erverv av eiendom som skal nyttes til landbruksformål skal det legges særlig vekt på:

1. om den avtalte prisen tilgodeser en samfunnsmessig forsvarlig prisutvikling, 

2. om erververs formål vil ivareta hensynet til bosettingen i området, 

3. om ervervet innebærer en driftsmessig god løsning, 

4. om erververen anses skikket til å drive eiendommen, 

5. om ervervet ivaretar hensynet til helhetlig ressursforvaltning og kulturlandskapet. ”

 

Kommunen har avgjerdsmynde og klageinstans er fylkesmannen i Buskerud. Konsesjonssøkjar har klagerett og ev. klager vert teke opp til ny handsaming i kommunen. Dersom klagen ikkje vert teke til fylgje vert klagen oversendt klageinstans.

 

Dersom konsesjon ikkje vert gitt, skal kommunen sette frist for sal. Eigaren må då overdra eigedomen til nokon som kan få konsesjon eller ikkje treng konsesjon. Dersom dette ikkje blir gjort innan fristen, kan eigedomen tvangsselgjast

 

Sakshandsamingstid:

Førebels svar : 3 veker. Max handsamingstid: 2 mnd.

 

Handsamingsgebyr: Minimumssats er kr 960,-. For øvrig er det 3 promille av kjøpesum inntil 1 million kr, 2 promille av overskytande beløp. MAX- gebyr kr 17850,-

 

Sjå også:

Kven kan du overdra konsesjonsfritt til?

Kven kan du erverve konsesjonsfritt frå?

Publisert
08.11.2007
Sist endra
12.08.2010
Publisert av
Reidun Aaker

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune