Gardskart for Ål
Kladd vert utsendt til alle med innmark - svarfrist 15. juni i år
Grunneigerar som eig innmark mottek i løpet av mai gardskart frå skog og landskap, med innteikna innmarksgrenser og eigedomsgrenser (høvesvis gule og rosa strekar). Innmarksteigane er merkt med kvite symbol og tal, etter kva type innmark og arealet i dekar. Dei nye arealtala vil bli lagt til grunn ved utdeling av produksjonstilskot frå august 2012.
Karta må lesast som ein kladd og den enkelte grunneigar må sjekke om opplysningane stemmer. Der grunneigar leiger vekk jorda, bør grunneigar og leigetakar sjekke opplysningane i samråd. Om opplysningane ikkje stemmer, må dei merkast av i kartet og dokumenterast så godt som råd. Avtal tid med Ingvild Sundgot i Utviklingsavdelinga, så ser me på kartet saman. Om naudsynt vert det synfaring.
Ål kommune har lagt ved matrikkelopplysningar til kvar enkelt eigedom, slik at det er høve til å sjå om opplysningane stemmer.
Har du grunneigedom med innmark og ikkje har motteke gardskart i løpet av mai, eller har spørsmål om gardskartet, ta kontakt med Ingvild Sundgot på utviklingsavdelinga på tlf: 46898914 eller på e-post: ingvild.sundgot@aal.kommune.no.
Du kan og søke opp eigedommen din på skog og landskap sine nettsider
Skjema for attendemelding finn du her - Word