Ål kommune driv to museum. Fram til 15. august kan du vera med på kulturvandring som inkluderer besøk på begge musea. Dersom dette ikkje høver, ta kontakt for omvising/ tilgang til musea.
På kulturhuset ligg Nesch-museet

"Spissborgere" Rolf Nesch
I Prestegardslåven ligg Ål stavkyrkjemuseum

Ål stavkyrkje vart bygd sist på 1100-talet. I følgje tidlegare 1. antikvar hjå Riksantikvaren Håkon Christie, var stavkyrkja i Ål ein av dei mest interessante mellomalderbygningane i Noreg. Kyrkja var rikt dekorert, og museet har bevarte plankar som gjev døme på fleire dekortypar. Perla i museet er ein kopi av den vidgjetne vestportalen.

På Leksvol ligg Ål bygdamuseum

Bygdamuseet vert drive som ein avdeling under Hallingdal museum
Omvising med guide tysdag-sundag, klokka 11.00-16.00
I perioden 01.07.11 - 14.08.11