Utdanningsprisen 2009

Universitetet for miljø- og biovitenskap

Bilete frå prisutdelinga

"Vår eigen" Guri Feten mottok prisen på vegne av prosjektet STAT100.

Utdanningsprisen skal stimulere og motivere fagmiljøa ved UMB til å arbeide systematisk med å vidareutvikle kvaliteten på utdanningane sine og bli meir opptatt av arbeid med utdanningskvaliteten. Prisen blir delt ut etter nominasjon for tiltak som igangset vedvarande aktivitetar knytta til heving av utdanningskvalitet. Prisen er ei prosjektstilling i tre år, alternativt ein pengepremie på 200 000 kvart år i tre år.
 
Pedagogiske tiltak for å aktivere studenter i de store basisfagene kjemi og statistikk
Komitéen valde å gi prisen til to fagmiljø som har gjort eit grunnleggjande og godt arbeid med å utvikle pedagogikken innan store basisemner. Basisemna blir av mange studentar opplevd som vanskelege, og fleirtalet av studentane tar emna fordi dei må og ikkje fordi dei har kome til UMB for å studere kjemi eller statistikk. Tiltaka som er satt i gang er ikkje nødvendigvis nyskapande, men dei har betra kvaliteten på undervisninga i kjemi og statistikk slik at karakterane har vorte betre og strykprosenten har gått ned.

Publisert
04.06.2009
Sist endra
10.02.2011
Publisert av
Inger Lervåg

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune