16. desember 2008 var det offisiell opning av Hallingforsk og Undervisningssjukeheimen for Buskerud, Ål bu- og behandlingssenter. Ei lang rekkje med gjester deltok på opningsarrangementet; statsråden med følgje, helsedirektøren, representantar frå universitets- og høgskulemiljø og helseføretak, fylkesmannen og fylkeslegen, presidenten i legeforeninga, representantar for kommunene i Buskerud i tillegg til lokale og regionale gjester.
Seminar
I samband med opninga arrangerte Hallingforsk og USH Buskerud kvar sine fagseminar. Seminaret til USH Buskerud starta med presentasjon av visjonar, målsetting og samarbeidspartnarar. Deretter heldt fyrsteamanuensis Grethe Eilertsen foredraget ”Gamle kvinners opplevelser av livet etter hjerneslag”, ein presentasjon av doktorgradsarbeidet hennar. Vidare orienterte Margun Øhrn om den regionale og nasjonale satsinga på undervisningssjukeheimar. Høgskolelektorane Liv Rugås og Marthe Lyngås Eklund presenterte sine prosjekt ”Tettare på” saman med ressurspersonar frå Ål bu- og behandlingssenter.
Opning
Den offisielle opninga vart innleia med Hallingtapas i Ål kulturhus. Sjølve opninga stod Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen for. Trommedrill og hallingkast markerte starten på Hallingforsk og Undervisningssjukeheimen for Buskerud. Denne vart etterfølgd av ei
rekkje helsingar frå aktuelle samarbeidspartarar, bl.a. Helse Sør-Øst.