LEGEVAKT
Legevakt kveld/helg/natt, tlf: 3208 2488,
er internkommunale samarbeidsordningar etter vanleg kontortid som berre skal brukast til helseproblem som ikkje kan vente til vanleg arbeidstid.
Daglegevakta er ein del av Ål legekontor. Dersom du treng akutt legetilsyn på vanleg dagtid, skal du ta kontakt med daglegevakta.
Telefonnummeret er det same for akutte hendvendelsar gjennom heile døgnet, tlf: 3208 2488
Ein vil sterkt oppmode til å bruke Ål legekontor og fastlegen på vanleg dagtid fordi desse oftast har best førestand for å gi deg rett helsehjelp.
Lokala ligg i kjellaren på Hallingdal sjukestugu, med inngong frå nedsida.
Legevakta er bemanna med lege og sjukepleiar som er til stades i vaktlokala gjennom heile natta.
Kvar henvender eg meg?
I utgangspunktet blir det tilrådd at ein ringer legevakta og gjer ei avtale, sjølv om det vil vere personell tilstades heile døgnet.
Ved at ein får ein konkret timeavtale, vil ein unngå unødig ventetid.
Ein kan ôg få hjelp til å organisere transport til legevakta, eller få gode råd som gjer legebesøk unødvendig, eller er nyttige inntil ein kjem fram til legen.