Hallingdal nattlegevakt
Hallingdalskommunane har samarbeid om felles nattlegevakt.
Legevakta på natt, dvs i tidsrommet 23.00 – 08.00,
vil vere fast lokalisert på Ål.
Lokala ligg i kjellaren på Hallingdal sjukestugu, med inngong frå nedsida.
Legevakta er bemanna med lege og sjukepleiar som er til stades i vaktlokala gjennom heile natta.
På kveldstid er det inga endring frå tidlegare. I tidsrommet frå legekontora stenger og fram til nattlegevakta opnar, er det fortsatt legar på vakt i dei ulike vaktdistrikta.
Kor vender eg meg?
I utgangspunktet blir det tilrådd at ein ringer legevakta og gjer ei avtale, sjølv om det vil vere personell tilstades heile natta.
Ved at ein får ein konkret timeavtale, vil ein unngå unødig ventetid.
Ein kan ôg få hjelp til å organisere transport til legevakta, eller få gode råd som gjer legebesøk unødvendig, eller er nyttige inntil ein kjem fram til legen.
Telefon:
Ål: 3208 2488
Flå: 3205 3527
Nes: 3207 1026
Gol: 3207 4477
Hemsedal: 3206 0788
Hol: 3209 2300