Helsefagpatrulja har vore i Ål!
Desse jentene formeleg boblar over av engasjement og iver for å fortelje om yrket sitt.
Helsefagpatrulja har snart besøkt samtlege ungdomsskular og vidaregåande skular i Hallingdal også dette året.
Denne gruppa reiser rundt til avgangselevane og fortel om jobben sin som helsefagarbeidar og utfordringane dei står overfor. Målsetjinga for skulebesøka er å motivere ungdom til å søke seg inn i yrket.
Hallingdal såg stor effekt av fjorårets innsats frå helsefagpatrulja. Heile 37 kunne tenkje seg eit yrke innan helse og omsorg og søkte seg inn ved Ål vidaregåande skule.
Ål kommune takkar årets helsefagpatrulje for flott innsats og ynsker dei lykke til vidare.