Skulehelsetenesta
Dei som er med i teamet i skulehelsetenesta er: Helsesøster, fysioterapeut og lege. Psykiatrisk sjukepleiar vert med etter behov.
Tilbod
- Helseundersøkingar
- Oppfølging av elevar ved behov.
- Helseopplysning/rettleiing einskildvis eller i grupper.
- Vaksinering.
- Ope kontor på skulen der elevane kan ta kontakt ved behov
Barneskulen
Helsesøster har kontor ved dei ulike skulane i kommunen.
Dagar for når helsesøster og fysioterapeut er til stades blir opplyst på kvar skule.
Ungdomsskulen
Helsesøster og fysioterapeut er til stades torsdagar frå kl. 09.00-13.00.
Vidaregåande skule
Oppslag på skulen over når skulehelsetenesta er å treffe (vanlegvis tysdagar).
Helsesøster, representant frå barnevern og PPT deltek i tverrfagleg team i barne- og ungdomsskulen.