Startlån bustad

Omtale

Startlånet skal medverke til at innbyggjarar med etableringsproblem kan skaffe seg ein nøktern, god heilårsbustad. Startlånet kan bli gitt som topp- eller fullfinansiering ved kjøp av bustad eller til utbetring av noverande bustad. Det kan også nyttast til refinansiering, slik at husstanden kan bli buande i noverande bustad.

Storleiken på lånet rettar seg etter økonomien til den enkelte, og om det finst høve til delvis eller full finansiering gjennom annan bank. Alle søkjarar må først ha hatt kontakt med ein privat bank for å søkje lån, før søknad om startlån kan vurderast.

Målgruppe

  • unge i etableringsfasen 
  • barnefamiliar 
  • einslege forsørgjarar 
  • funksjonshemma 
  • flyktningar og personar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag 
  • økonomisk vanskelegstilte husstandar

Vilkår

Noverande busituasjon er ikkje tilfredsstillande. Det må kunne dokumenterast kva husstanden kan betale samla, og kva den kan vere i stand til å betale av renter og avdrag på lånet. Vanlege levekostnader må kunne betalast i tillegg til lånet.

Lånet følgjer same vilkår som utlåna i Husbanken.

Samarbeidspartnarar

Tilbodet er utvikla i eit samarbeid mellom KS, Husbanken, Sparebankforeningen, Finansnæringens hovedorganisasjon og staten.

Nærståande tenester

Lover

Kommunen har utarbeidd eigne retningslinjer

Rettleiing

Det må sendast skriftleg søknad med dokumentasjon til kommunen for å få startlån. Søknadsskjema får  ein ved å kontakte kommunen eller på Husbanken si heimeside. Kommunen kan kontaktast for hjelp til å søkje om startlån.

Brosjyre startlån

Vedlegg til søknad:

Obligatoriske vedlegg:

  • Eventuell salsoppgåve/takst av bustaden (ikkje eldre enn seks månader) 
  • Kopi av likningsutskrift for dei to siste åra 
  • Finansieringsplan 
  • Dokumentasjon av eventuell eigenkapital 
  • Arbeidsinntekt (lønsslipp) siste 2 månader 

Vedlegg som bør følje søknaden dersom dette er naturleg: 

  • Trygdeytingar (giroblankett) 
  • Barnebidrag (giroblankett) 
  • Husleige/fellesutgifter, eventuelt andre buutgifter (ved førehandsgodkjenning gjeld ikkje dette) 
  • Gjeldsforhold (nedbetalingsplan på alle lån) 
  • Andre utgifter (dagmamma, barnehage o.l.) 
  • Separasjonspapir/skifteavtale 
  • Dokumentasjon på finansiering frå privat bank med storleiken på lånet, eventuelt grunngjeving for avslag

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Klage

  • Får du avslag på søknad om startlån, kan du klage. 
  • Klageinstansen er kommunen si eiga klagenemnd. 
  • Klagen må sendast innan tre veker etter at du mottok vedtaket. 
  • Oppgi kva du ønskjer endra i vedtaket, og gi ei grunngjeving for dette, eventuelt med nye opplysningar.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

lån, kreditt, bustad, heim, hus, husvære, første, etablering, finansiering, kjøp, utbetring, økonomi, bank, einsleg, funksjonshemma, familie, flyktning, vanskelegstilt, husstand
Publisert
09.07.2008
Sist endra
05.04.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune  

Aktuelle tjenester