Vatn og avlaup
Det skal vera eit fastledd (abonnementsgebyr) og eit gebyr etter stipulert eller målt forbruk (forbruksgebyr).
For meir opplysningar, sjå ”Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskrifter)” kapittel 16 om kommunale vass- og avløpsgebyr
Bedrifter og bueiningar som har vassmålar
Desse betalar abonnementsgebyr (fastledd) etter brukt vassmengde føregåande år og forbruksgebyr etter målt forbruk.
Alle abonnentar kan installere vassmålar, men kun bustader og fritidsbustader kan ha stipulert forbruk.
Bueiningar som ikkje har vassmålar
Desse betalar abonnementsgebyr (fastledd) og forbruksgebyr som vert stipulert etter storleiken på bueininga.
For nærare opplysningar, sjå kommunen sine heimesider eller ta kontakt med drift- og vedlikehaldsavdelinga v/ Harald Varlid eller Grethe Sollien.