Husbankordningar - tilskot og lån

amh/25.4.06
Kommunane blir tildelt ei årleg ramme frå Husbanken for vidaretildeling til enkeltpersonar. Ordninga blir annonsert i Hallingdølen med søknadfrist: mars/april.

Bustadtilskot til etablering

Bustadtilskotet skal bidra til at husstandar med svak økonomi blant funksjonshemma, særleg vanskelegstilte eldre og unge i etableringsfasen skal få nøkterne og eigna bustader. Bustadtilskotet er strengt behovsprøvd og husstandens samlede situasjon og økonomi er avgjerande.
Tilskotet kan bli gitt til bygging av ny bustad og kjøp av brukt bustad.
Normalt vil ikkje tilskotet overstige 30% av kostnadane.

Bustadtilskot til tilpassing

Tilskot kan bli gitt til husstandar med eit medlem som er funksjonshemma, er over 60 år eller har eit særleg sosialt behov.
Utbetring av ein bustad inneber å gje bygningen ein høgare standard enn tidlegare, til dømes etterisolering eller andre enøk-tiltak.
Tilpassing av ein bustad inneber å gjere han betre eigna til å ta vare på spesielle behov, til dømes for funksjonshemma.
Tilskotet kan også søkjast ved oppføring av garasje for funksjonshemma dersom
søkjaren har fått bil gjennom Rikstrygdeverket.
Tilskotet kan dekkje godkjende utbetringskostnader på opptil kr. 40.000,-.

Søknadsskjema

Søknadene skal sendast inn på eigen blankett som ein får på servicetorget, tlf.
32 08 50 00.
Søknadsskjema kan du finne her
klikk her
For meir informasjon kontakt servicetorget eller sakshandsamar ved avdeling for sosiale tenester som også skal handsame søknadane.

Grunnlån i Husbanken

Grunnlån til utbetring er nytt frå 1. juli 2005.
Oppføringslån og utbetringslån er slått saman til eit nytt grunnlån.

Søknader på grunnlån skal sendast til Husbanken.
For meir informasjon gå inn på nettsida til Husbanken:
www.husbanken.no
Publisert
21.05.2007
Sist endra
28.01.2008
Publisert av
turid

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune  

Aktuelle tjenester