Byggesak

Servicetorget i Tingstugu kan hjelpe til med kart, naboliste, skjema og rettleiing - tlf. 32085000.

Du kan søke elektronisk via Byggsøk eller skrive ut papirskjema frå vår skjemaside

Hallingkart har fargeflyfoto og kart over tomta di. Velg "Eiendomssøk", Ål kommune og gnr./bnr. Når du har fått opp kartutsnittet over tomta di, kan du velga målestokk mindre enn 1:3000 for å få fram kotekartet på skjermen. Trykk på utskriftknappen og velg målestokk 1:500 eller 1:1000 i utskrifta. Det kan vera feil ved tomtegrenser i kartet. Tomter som ikkje har målebrev er markert med stipla grense eller sirkel.

Under finn du informasjon om dei vanlegaste byggesaker og korleis du skal gå fram. Ål kommune har tre byggesakshandsamarar: Åsne Brattåker Håheim, Olav Warberg og Borgar Underdal, som har open telefon etter kl. 12.00. Dersom du ynskjer å kontakta Borgar Underdal pr. telefon, må du gjera avtale via Servicetorget på tlf. 32 08 50 00.

Kva kan du byggja?

Det er regulerings-, bebyggelsesplan ellerkommuneplanen som fastset rammer for kva tiltak som kan gjennomførast i ulike område. Vedtekne planar (kart og føresegner) finn du i kommunen sitt planarkiv

Røyr i bakken:

Ver merksam på at nye byggetiltak ikkje kan plasserast oppå vass- eller avlaupsleidningar eller røyr for lukka bekkar. Ved framtidig lekkasje må gravemaskin ha tilgang til røyra for rask oppgraving og reparasjon, utan risiko for at grøfta skal skada fundamentet til bygget. Avstanden til røyrtraseen må vera like stor som grøftedjupna.

Byggetiltak kan delast inn i tre kategoriar:

1. Byggetiltak som er unntatt søknad:

Enkelte mindre tiltak kan gjennomførast utan kommunal saksbehandling, dersom det ikkje fører til fare eller urimeleg ulempe for omgivelsane eller allmenne interesser. Les meir i SAK kap. 4.

NB: Slike tiltak må uansett forhalde seg til planbestemmelsane for området. Om det i plan er sett vilkår om maksimalt 1 bygg på eigedomen, må det søkjast om løyve sjølv om uthuset vert mindre enn 15 m2.

Avstand til nabogrensa må vera minst 4 meter. Kortare avstand utløyser plikt til nabovarsling og søknad.

2. Byggetiltak som krev søknad utan ansvarsrett:

Søknad utan ansvarsrett er ein forenkla søknad der tiltakshavar sjølv står ansvarleg for at tiltaket oppfyller alle krav som er gitt med heimel i plan- og bygningslova. Dei vanlegaste tiltaka er uthus/garasje, tilbygg og driftsbygningar i landbruket.

Tiltakshavar sender nabovarsel. På naboskjemaet skal tiltakshavar oppgje si adresse for mottak av nabomerknader. Kopi av kart og teikningar og eventuell dispensasjonssøknad, skal følgja som vedlegg til naboane. Tiltakshavar sender søknaden til kommunen etter at nabofristen er gått ut med god margin. Eventuelle nabomerknader og tiltakshavar sin kommentar skal følgja som vedlegg til søknaden. Les meir i SAK kap. 3.

Før tiltaket vert teke i bruk, må tiltakshavar senda søknad om mellombels buksløyve til kommunen. Etter at tiltaket er ferdig, må tiltakshavar senda søknad om ferdigattest til kommunen.

3. Byggetiltak som krev søknad med ansvarsrett:

Dei tiltaka som ikkje er nemnde i pkt. 1 og 2. skal fremjast gjennom eit godkjent føretak - ansvarleg søkjar - som er ein profesjonell aktør (arkitekt eller byggefirma) i kontakt med kommunen. 

Ansvarleg søkjar skal rettleia tiltakshavar om krav til innhald og dokumentasjon i søknad. Ansvarleg søkjar sender nabovarsel og er mottakar av nabomerknader. Ansvarleg søkjar sender søknaden til kommunen etter at nabofristen er ute med god margin. Eventuelle nabomerknader og søkjar sin kommentar skal følgja som vedlegg til søknaden.

Dersom tiltakshavar eller dei ansvarleg utførande føretaka foreslår endringar av tiltaket eller ansvarstilhøva undervegs i byggeprosessen, skal ansvarleg søkjar varslast for å førebu endringssøknad til kommunen. Løyve må føreliggja før endring kan gjennomførast.

Ansvarleg søkjar har samordnaransvaret gjennom heile prosjektperioden, frå nabovarsling til ferdigattest. Mellombels bruksløyve eller ferdigattest er dokumentasjon for at tiltaket er kontrollert av føretaka, og at det er trygt å ta i bruk tiltaket.

Dispensasjon:

Om tiltaket er i strid med planbestemmelsane for området, må det søkjast om dispensasjon (NB: skal framgå av nabovarselet). Dispensasjonssøknader krev normalt politisk behandling (Sektorutval for teknisk, næring og ressurs). For å kunne vurdere om det er grunnlag for å gje dispensasjon er grunngjeving viktig. Revidert plan- og bygningslov legg opp til ein skjerpa praksis når det gjeld dispensasjonar. Les her. Det er ekstra gebyr for dispensasjonar.

Lågmelt hytte i bjørkeskog: Siv.ark. Birgit Hessner og Henrik Hille

 

 

 

 

 


Tidsfristar:

Søknader utan ansvarsrett skal handlast innan 3 veker. Det same gjeld søknad med ansvarsrett, der det ikkje er nabomerknader eller andre avklaringar som manglar. Andre søknader skal handsamast innan 12 veker. For dispensasjonssøknader gjeld ikkje desse fristane.

Moderne hytter tilpassa kvarandre: Puls arkitekter as

Tips for rask og smidig byggesakshandsaming:

1. Sørg for at søknaden er komplett og godt dokumentert (gjerne foto)
2. Respekter vedtatte planar - dispensasjonar har lågast prioritet
3. Avklar om mogleg alle konflikter med naboar på førehand

Hytte i skrånande terreng. Skaara arkitekter as  

Utslepp / avkøyrsle
Søknad om utsleppsløyve skal utarbeidast av fagkyndig føretak. Før det blir lagt inn vatn skal det vere gitt utsleppsløyve, alternativt  sanitærabonnement der det er offentleg vatn- og avlaupsnett.

Ved nybygg og endra bruk skal det vere gitt løyve til avkøyring ev. utvida bruk av avkøyrsle. Det er kommunen som gjev dette til kommunale vegar og Statens vegvesen til fylkes- og riksvegar. Ved bruk av felles privat veg skal det leggjast ved avtale om bruksrett.


 Bygningsavfall

Tiltakshavar er ansvarleg for at handtering av produksjons- og riveavfall blir planlagt og levert til godkjent mottak for bygningsavfall. Ved riving av bygg kan det i enkelte høve vere eit alternativ at brannvesenet brukar det som øvingsobjekt. Kontakt Hallingdal brann- og redningsteneste.

Bygning for opphald av personar skal prosjekterast og utførast med radonførebyggande tiltak slik at innstrømming av radon frå grunnen og frå tilkøyrde pukkmassar blir redusert. For bustadhus er det krav til radonsperre.   

Publisert
08.11.2007
Sist endra
16.04.2012
Publisert av
Reidun Aaker

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune  

Aktuelle tjenester