Jordmorvakt

Alle gravide får tilbod om undersøking og rettleiing
gjennom svangerskapet.  Ål og Hol kommunar sam-
arbeider om  jordmorvakt.

Illustrasjonsfoto

Alle gravide får tilbod om undersøking og rettleiing gjennom svangerskapet. 
Ål og Hol kommunar samarbeider om  jordmorvakt.

Svangerskapsomsorga i Ål kommune er eit samarbeid mellom jordmor og lege.  Desse har faste kontrollar som vert tilpassa det kvar einskild treng.  Vi tek utgangspunkt i statlege retningsliner og samarbeider med den einskildes fastlege.

Målgruppe
Gravide og dei som søker prevensjonsrettleiing.

Pris
Gratis.  Svangerskapskontrollane og ein kontroll
etter fødsel vert dekka av NAV.

Timebestilling
Er du gravid, bestiller du den første svangerskapskontrollen hos fastlegen tlf. 32085350 eller hos jordmor på helsestasjonen tlf. 32085290.

Temakveldar vert arrangert 2-3 gonger i året i samarbeid med Hol kommune.  Vi tek opp fylgjande tema:  fødsel, tida etter fødsel og rettleiing med fysioterapeut.

Tilbod

Svangerskapskontrollane vert  lagt opp slik den einskilde treng. 
Jordmor eller fastlege tinger ultralyd-screening i veke 17-19 i svangerskapet.
Tilbod om akupunktur frå veke 38.
Prevensjonsrettleiing.
Eventuelt heimebesøk.

Jordmorvaktliste for Ål og Hol   - fram til 13. mai 2012

Jordmorvaktliste for Ål og Hol 14. mai -

 

 

Publisert
10.04.2008
Sist endra
10.04.2008
Publisert av
Inger Lervåg

Kontaktinformasjon

Jordmorvakt:

Vakttelefon Ål: 9928 7890
Vakttelefon Hol: 9598 0020