Hallingdal krisesenter

Hallingdal Krisesenter er eit døgnope tilbod til kvinner og barn, som lever med vald i nære relasjonar.

Vi gir eit beskytta butilbod i ei akutt krise, og i tillegg tilbyr vi dagsamtaler, både til bebuarar og andre som treng hjelp i ein vanskeleg situasjon.
Vi gir råd og rettleiing, og formidlar kontakt med andre delar av hjelpeapparatet når det trengs.

Vi arbeider etter prinsippet ”hjelp til sjølvhjelp”, der målet er at kvinnene som kjem hit skal ta tilbake råderetten over eige liv.

Vi har eit klart barnefokus, og jobbar målretta for å forebygge og minske dei skader vald i nære relasjonar påfører barna.

 

Publisert: 21.02.2008
Sist endra: 30.07.2009
Oppretta av: Inger Lervåg
Hallingdal Krisesenter

Hallingdal Krisesenter
Postboks 152
3551 GOL
Tlf:   32 07 52 50
Faks:32 07 59 24
E-post: hallingkrise@online.no

Torget 1, 3570 Ål  •   Tlf: 32 08 50 00  •   Send e-post til Ål kommune  •  Nettansvarleg: Inger Lervåg