Familievern

Kirkens familievernkontor Hallingdal

Familieverntenesta er til for familiar, par, enkeltpersonar, unge og eldre.

Kirkens Familievernkontor Hallingdal

er ei eiga stifting, men har driftsavtale med den statlege Barne-, ungdoms- og familieetaten.

Kva tilbyr vi?

Samtalar for dei som ønskjer betre kommunikasjon, konfliktløysing, generasjonsmotsetningar, sorg og tap, seksualitet, samværsavtaler, foreldre, mekling m.m.

Korleis arbeider vi?

Vi inviterer til samarbeid i form av samtalar. Vi har ingen "mirakel-løysingar" men saman kan vi arbeide for å finne løysingar som kan vere til hjelp for deg/dykk.

Tilsynsmynde

Sosial- og familieavdelingen hjå Fylkesmannen i Buskerud er tilsynsmyndighet ovanfor familievernkontora og skal sjå til at lover og reglar vert følgde.

 

Publisert
11.02.2008
Sist endra
22.07.2011
Publisert av

Kontaktinformasjon

Kirkens familievernkontor Hallingdal

Telefon
: 3208 1175
Postboks 119, 3571 Ål
Besøksadr.: Torget 5, 3. etg.
Fax: 32 08 13 06
E-post: kf.hallingdal@bufetat.no