Barnevern
Både kommunane og staten har oppgåver og ansvar på barnevernsområdet.
Alle kommunar skal ha ein barnevernsteneste som utfører det daglige løypande arbeidet etter loven. Barnevernstenesta skal blant anna gi råd og rettleiing, foreta undersøkingar, treffe vedtak etter loven eller forberede saker for behandling i fylkesnemnda, setje i verk og følgje opp tiltak.
Staten har ansvar for å rekruttere fosterheim og for barnevernsinstitusjonane. Sjå meir om dette på Bufetat.no.
Kva kan barnevernstenesta hjelpe til med?
- Gi råd om barneoppdragelse, økonomi, fritid med meir
- Henvise til annen hjelp: Barne- og ungdomspsykiatrien, familierådgivingskontoret m.m.
- Anbefale plass i barnehage eller skolefritidsordning
- Fritidsaktivitetar og ferietiltak
- Rettleie om foreldrerolla
- Gi kortare eller lengre opphald på institusjon, i fosterheim eller familieheim
Når bør du ta kontakt med barnevernet?
- Når du ser at eit barn ikkje får dekket grunnleggjande behov for omsorg, tryggleik, mat og stell
- Når du ser at eit barn er utan tilsyn av vaksne og verkar skremt og engstelig
- Når du har mistanke om at eit barn blir utsett for fysisk/psykisk mishandling eller seksuelle overgrep
- Når du er bekymra for at foreldre har rusproblem
- Når du er bekymra for at foreldre har store psykiske problem
- Når foreldre har mista styringa over barnet sitt
- Når du som foreldre er sterkt bekymra for barnet/ungdommen din
Korleis tar du kontakt med barnevernet?
- Du kan skrive til oss - og oppgi namn eller være anonym
- Du kan ringe til oss - og oppgi namn eller være anonym
- Du kan ta kontakt for å avtale eit møte hos oss
Kva skjer når du tar kontakt med barnevernet?
- Du får anledning til å snakke med ein barnevernsarbeidar om det du har på hjertet
- Du får generell informasjon om korleis barnevernet behandlar henvendelsane dei får
- Barnevernstenesta undersøker i løpet av 3 månader om familien har behov for hjelp
- Det er barnevernet som følgjer opp saken - du vil normalt ikkje bli trukket vidare inn
Kva legger barnevernstenesta vekt på?
- Omsynet til barnets beste skal veie tyngst
- Samarbeidet med foreldre er viktig
- Hjelp til sjølvhjelp - å støtte foreldre slik at dei klarer seg sjølv
- Rett hjelp til rett tid
- Openheit overfor foreldra i barnevernssaker
- Teieplikt i barnevernssaker
- Bekymringsmelding til barnevernet
Skjemaet skal ikkje sendast inn elektronisk av omsyn til personvernet, men skrivast ut og sendas pr. post til:
Hallingdal barnevernsteneste, Torget 1, 3570 Ål