Søknad om barnehageplass

Det vert nytta elektronisk søknad for å søke barnehageplass i Ål kommune.

Den elektroniske søknaden skal nyttast både i samband med hovudopptaket (søknadsfrist 1. mars) og dersom det skal søkjast om plass, evt. søkjast som endring av tildelt plass i løpet av barnehageåret.

Den elektroniske søknaden finn du her

Dersom du ikkje har tilgang til internett, eller dersom du har spørsmål eller ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med servicetorget på Tingstugu eller ein av skulane.

Vi vil tilrå at du registrerer deg som brukar og loggar inn i den elektroniske skjemabasen. Vel du å logge deg inn, kan du lagre utkast av søknaden sjølv om du ikkje er ferdig med utfyllinga. Du vil også få eit oversyn over kva for søknader du har sendt inn til kommunen.

Når du har sendt inn søknaden vil du få eit referansenummer. Dette nummeret bør du ta vare på og bruke dersom du tek kontakt med kommunen. Du vil også få ein e-post med stadfesting av motteke søknad, men det kan ta opptil eit døgn før du får denne.

 

Publisert
10.02.2011
Sist endra
05.03.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune