Samarbeid med skula
I Ål kommune har me eit formelt samarbeid mellom barnehage og skule.
Samarbeidet startar i november året før skulestart i høve barn som treng spesialpedagogiske tiltak.
Foreldra til 5-åringane og aktuell pedagogisk leiar blir einige om kva naudsynt informasjon om barnet som skal takast opp i overføringssamtala med skulen. Dette skal skje om våren etter at det er bestemt kven som skal vere kontaktlærar. I juni vert 5-åringane invitert til skulen for omvising. Då skal dei og få møte fadderar og kontaktlærar. Kontaktlærar skal, om mogeleg, besøke barnehagen for å få eit inntrykk av miljøet i barnehagen og kva arbeidsmetodar som vert nytta.