Det viktigaste

KVART MENNESKE ER EI ØY
MELLOM OSS GÅR DET BRUER
 
Det viktigaste for alle som arbeider i Sundre barnehage er å skape eit miljø der kvart einskild barn kan utvikle positiv sjølvoppfatting og god sosial kompetanse. Me ynskjer å vere allsidige og kreative og ta vare på mangfaldet.
 
Me brukar Kari Lamer sitt rammeprogram "Du og jeg og vi to" som hjelp i dette arbeidet. Tilbakemelding frå foreldre og observasjon av barna stadfestar at dette arbeidet har positiv verknad på miljøet barna imellom.

Dei vaksne er modellar for barna i alt dei gjer. Me har derfor fokus på vaksenrolla og utviklinga av denne. Me vektlegg kunnskap om god og utviklingsstøttande dialog og positive samspel mellom barn og vaksne.

Dess eldre barna er, dess fleire val kan dei ta sjølv, men dei minste kan også bestemme noko. Medveknad er ein viktig føresetnad for trivsel.
 
 



 
Publisert
21.05.2007
Sist endra
12.02.2010
Publisert av
Tone-ly

Kontaktinformasjon

Barnehagen i sentrum

Adresse: Gartnarvegen, 3570 Ål
Eigar: Ål kommune
Godkjenning: 6 avdelingar, 108 plassar 0-5 år
Åpningstid: kl.07.00 - 17.00
E-post: Sundre

Telefon: 3208 5150

Styrar:
Tone Lyngvi. Mobil: 99 28 79 17
Assisterande styrar:
Eli Kiossovski