Presentasjon

 

Skattebøl barnehage er ein kommunal barnehage som tilbyr inntil 48 plassar, fordelt på to baser (gruppe 1-2 år og 3-5 år). Barnehagen ligg vakkert til i eit skogholt, like ved Skattebøl skule. Det er god plass å boltre seg på, både inne og ute. Me ynskjer å vere ein arena der barna kan finne glede i å vere i eit fellesskap med andre born, og knytte vennskap før skuletida tek til.

Opningstida er kl.07.00 - 17.00, 5 dagar i veka.

Skattebøl barnehage       Kjøken

 

BARNEHAGENS SÆRPREG

Kulturformidling er sterkt vektlagt i Skattebøl barnehage. Dei sju fagområda i Rammeplanen fordeler me over ei rullerande treårsperiode med hovudfokus på nokre av områda kvart år. På den måten får me høve til å fordjupe oss og arbeide grundig med kvart fagområde.

 

Elles meiner me å kunne tilby:

  • Eit trygt og oversiktleg miljø
  • Læring og omsorg hand i hand
  • Nære relasjonar/kompetente medarbeidarar.
  • Glede og humor.

                                                                           

 

        

                                                                  

 

 

 

Publisert: 18.01.2008
Sist endra: 22.08.2009
Oppretta av: Grete T. Hagen
Servicetorget

 

Ål kommune
Torget 1, 3570 Ål

Telefon: 3208 5000
Send e-post til Ål kommune

Torget 1, 3570 Ål  •   Tlf: 32 08 50 00  •   Send e-post til Ål kommune  •  Nettansvarleg: Inger Lervåg