Mat i barnehagen

Steike pinnebrød  Fastelavnsbollar

 

Barna har med eiga niste kvar dag, både til frukost (for dei som ikkje har ete det heime) og formiddagsmat (fellesmåltid på kvar base). Barnehagen serverer rikeleg med frukt og grønsaker til måltidet. Me skjer det opp i passande bitar og skiver, og har alltid fleire slag å by på. Det er stor stas når frukt- og grønsakfata blir sende rundt! Dei fleste barna har med seg yoghurt, frukt og/eller kornmat til eit frivillig måltid på ettermiddagen.
Me har dei siste åra hatt ein fast "matdag" kvar veke, i år fordelt på annankvar onsdag og fredag. På desse dagane blir det i hovudsak baka grove rundstykke, og sett fram mykje godt pålegg. 
I blant har me servering av ulike varmrettar.

Ute på turar tek me med oss nista vår og vatnflaskene.  Det hender også at me bruker eingongsgrill og lagar noko godt på den.

I samband med høgtidene lagar me og et me mat som naturleg høyrer til. Tradisjonsmat, - hallingkost,  prøver me oss også på; det er mykje godt å velje i. 

Når det gjeld mat og ernæring, har me som mål å følge helse- og sosialdirektoratets "Retningsliner for mat og måltid i barnehagen". Sjå www.shdir.no/matibarnehagen


 

Publisert
27.02.2008
Sist endra
06.09.2011
Publisert av
Grete T. Hagen

Kontaktinformasjon

Skattebøl barnehage
Branesvegen 2, 3570 Ål
Telefon 3208 1506

Styrar Grete T. Hagen