

Barnehagen er ei pedagogisk verksemd. I barnehagelova blir det stilt krav til førskulelærarutdanning for å sikre kvaliteten på tilbodet. Dei tilsette i barnehagen har, som rollemodellar og omsorgspersonar, eit særs ansvar for å vere seg bevisst si eiga åtferd ovanfor barna. Den norske barnehagetradisjonen bygger på at omsorg, leik og læring går over i kvarandre. Det er i kvardagsaktivitetane det meste av læringa i barnehagen skjer.
I Skattebøl barnehage arbeider me etter denne visjonen:
Varme og omsorg,
Læring og vekst,
- hand i hand.
Denne visjonen krev nære relasjoner mellom barna og dei vaksne. Det pedagogiske grunnsynet vårt er basert på respekt for enkeltindividet, og at tryggleik er den viktigaste føresetnaden for all læring. Fagleg dyktige vaksne og eit godt tilrettelagt læringsmiljø, er av stor betydning i så måte.
Me vil at barnehagen skal vere ein stad der barna kjenner seg trygge, og at dei gjennom fellesskapet i barnehagen skal få oppleve glede og vekst. Forutsigbarheit og kontinuitet er to viktige føresetnader for at barna skal kjenne seg trygge. Barna skal få vere med å påvirke kvardagen sin, og det er ei målsetting at dei skal få eit sterkt eigarforhold til barnehagen.
UTVIKLINGSARBEID 2011-12.
Dei siste åra har me arbeidd mykje med barnehagens læringsmiljø. Forrige barnehageår arbeidde me spesielt med "Den gode kvardagen i Skattebøl barnehage". Eit anna tema me tok for oss, var "Trygg uteleik i Skattebøl barnehage". I barnehageåret 2011-12 vil prosjektet "Felles løft - for tidleg innsats", bli utviklingsområdet vårt. Mykje av det me har teke opp dei siste åra, vil kome att i dette prosjektet. Det vil i hovudsak dreie seg om læringsmiljøet til barna i barnehagen, og ikkje minst; dei vaksne sin innsats knytt til dette.
Å skape ein barnehage med eit godt læringsmiljø der barna trivst og utviklar seg, er ei utfordring ein aldri blir ferdig med.