Sando barnehage
Sando barnehage er plassert i skolegrenda Sando, 5km øst for Ål sentrum, 1 km vest for Sando skule.
Barnehagen har utvida kristen formålsparagraf. Eigaren, Fredheim Normisjon, er tilslutta Den Norske Kyrkje. Barnehagen held til i bedehuset til foreninga (ein gammal tømmerbygning).
Barnehagen har 18 plassar for barn frå 1 til 5 år. Barnehagen har stabilt personale; styrar, førskulelærar og 2 assistentar i delte stillingar.
Barnehagen er prega av at den er ein grendebarnehage, nær knytt til grendas skule, bl.a med besøk og vi nyttar gymsalen annakvar veke heile året. Me besøker og gardar i nærmiljøet, og har faste turområder i nærleiken. Elles satsar barnehagen på song og drama. Har og faste tilstellingar i lag med foreldre og eigar.
Barnehagen har fast samarbeid med dei kommunale barnehagene og oppvekstkontoret gjennom møter og kurs. Likedan med PPT, helsestasjonen og barnevern.
Sando barnehage har åpningstida 07.30-16.30 Me har til no hatt 4 dagars opningstid pga liten etterspurnad etter plass på onsdagar. Frå hausten 2011 vil vi gjerne også opne onsdagar, men det forutset nok søkjarar både for onsdagar og dei andre dagane i veka.