Den offentlege tannhelsetenesta har hovudkontor i Sundrevegen 43.
Kvar torsdag heldt den til i Ål bu- og behandlingssenter på
tlf 32 08 52 58
Fylkeskommunen har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta. Tenesta skal fremje tannhelsa i befolkninga, og i si teneste syte for nødvendig førebygging og behandling. Dei skal spreie opplysning om og auke interessa for kva den einskilde sjølv og allmennheita kan gjere for å fremje god tannhelse.
Den offentlege tannhelsetenesta skal gi eit regelmessig og
oppsøkjande tilbod til:
*Barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år
*Psykisk utviklingshemma i og utafor institusjon
*Eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie
*Ungdom frå 18 år til og med det året dei fyller 20
Opplysningar om timebestilling kan du få ved å vende deg til
kontoret i Sundrevegen 43, eller til tilsette i avdelinga du tilhøyrer.