Utrekning av skattetrekk og påleggstrekk

Skattetrekk

Skattetrekk blir gjennomført ved at arbeidsgjevar reknar trekkbeløpet og held dette attende i oppgjeret med arbeidstakaren. Trekket skal gjerast på det tidspunkt det er høve til å få godtgjeringa utbetalt, sjølv om det blir på eit seinare tidspunkt. 

Skattetrekket skal gjerast på grunnlag av skattekort frå likningskontoret. Har arbeidstakar ikkje lagt fram skattekort, skal arbeidsgjevaren trekkje 50%. Skattetrekk i pensjon og andre trygdeytingar skal ikkje gjerast med meir enn 30% jf. skattebetalingslova § 11 nr. 1.

Ytterlegare informasjon om skattekort får du ved å vende deg til lokalt likningskontor.

Når ein arbeidstakar ikkje vil få så stor inntekt at han får inntektsskatt eller trygdeavgift ved likninga, kan han fritakast for skattetrekk. I slike tilfeller blir det skrive ut frikort - eventuelt frikort med beløpsgrense (kontakt likningskontoret om dette).

Når ein arbeidstakar sitt skattetrekk i løpet av ei oppgjersperiode (termin) utgjer mindre enn kr 200,-, eller dei trekkpliktige ytingane ikkje overstig kr 1 000,-, kan arbeidsgjevar la trekket vere. Det er nok at ei av beløpsgrensene er oppfylde.

Skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar kan la vere å gjennomføre forskotstrekket når samla lønsutbetaling til ein person i løpet av inntektsåret ikkje overstig kr 2 000,-.

Påleggstrekk

Når pålegg om trekk er gjeve, er arbeidsgjevaren plikta til å gjennomføre trekket og sende dette til skatteoppkrevjaren som har gjeve pålegget jf. skattebetalingslova § 33 nr. 3.
For påleggstrekk er det ikkje trekkfritak i feriepengar eller halvt trekkfritak før jul jf. § 14 i forskrift av 21. august 1981 om påleggstrekk.
Publisert
21.05.2007
Sist endra
28.01.2008
Publisert av
erling

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune