Trekkplikt
I følgje Skattebetalingslova §4 pliktar arbeidsgjevar av eige tiltak å foreta skattetrekk i løn og anna godtgjersle for arbeid eller oppdrag.
Trekket omfattar alle ytingar som det etter gjeldande vedtak skal det gjennomførast skattetrekk i. Det gjeld også godtgjersle i kortvarige arbeidsforhold. Det er ikkje noko krav om at det skal ligge føre eit tilsetjingsforhold.
I tillegg pliktar arbeidsgjevar etter pålegg frå skatteoppkrevjaren/kommunekassa å foreta påleggstrekk i samsvar med dei vedtak som er gjeve i trekkpålegget jf. skattebetalingslova §33 og forskrift av 21.august 1981 om påleggstrekk.
Trekkplikt gjeld også for skattepliktig utbytte etter skattebetalingslova §2-3, 1 ledd bokstav c (kildeskatt) og §10-13.
Arbeidsgjevar er økonomisk og strafferettsleg ansvarleg for at trekket vert gjort, og oppgjer betalt jf. ansvars- og straffereglane i skattebetalingslova kapittel X.