Ål forliksråd

 
Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker.
Det er både meklingsinstans og domstol. Eit krav om til dømes betaling av gjeld kan fremjast for forliksrådet for å oppnå eit forlik eller få slått fast ved dom at kravet er rettsgyldig. Både forlik og dom i forliksrådet har rettsverknad og kan eventuelt tvangsfullbyrdast hjå namsmannen.

Alle kommunar har forliksråd. Forliksrådet består av 3 valde lekfolk og like mange varamedlemmer som blir vald av kommunestyret for 4 år om gangen.
 
Forliksrådet i Ål har desse medlemmene: 1. Birger Jorde - leiar. 2. Kari Rudningen Fossli. 3. Sigmund Tveitehagen. Varamedlemmer: 1. Inger Karin Bøygard. 2. Einar Brattegard. 3. Guri Dale

Kva saker kan handsamast i forliksrådet?

Sivile rettstvistar skal som regel handsamast av forliksrådet før dei eventuelt kan fremjast for tingretten. Det er likevel ein del saker som ikkje kan handsamast av forliksrådet. Dei viktigaste unntaka er:

* Saker om ekteskap, skifte og barnefordeling.
* Saker mot staten eller kommunen (untatt saker av privatrettslig karakter).
* Saker om patentar, varemerke og liknande.
* Saker som er avgjort i forbrukartvistutvalet.

Det er også ein del saker der partane kan la vere å bruke forliksrådet. Dei viktigaste tilfella er:

* Saker der begge partar har hatt bistand frå advokat og saksøkar og dennes advokat finn det utan hensikt å bringe saka inn for handsaming i forliksrådet.
* Saker der innklaga ikkje har kjent bopel, arbeidsstad eller forretningsstad.
* Saker med fleire partar der nokon kan unntakast etter loven eller på grunn av tidlegare mekling.

Forliksrådet blir ellers nytta for tvisteløysing av mange slag. Det kan til dømes gjelde kjøpstvistar, erstatningskrav, nabotvistar, tvistar i forretningsforhold og anna. Dersom forliksrådet finn saka for vanskeleg å dømme, kan saka bli vist til tingretten.

Korleis inngi sak til forliksrådet?

Ein forliksklage skal normalt handsamast av forliksrådet i den kommunen der innklaga bur eller har forretningsstad. Det er ikkje naudsynt å bruke inkassobyrå eller advokat. Det er mest vanleg å inngje ei forliksklage skriftleg.

I forliksklaga må det kort gjerast greie for kva som blir kravd og kva som er grunnlaget for kravet, samt utførleg namn og adresse til innklaga. Viktig dokumentasjon som til dømes faktura, betalingsavtale og liknande må ligge ved forliksklaga.

Ferdigtrykte skjema for forliksklage kan kjøpast hjå bokhandlaren. Ein kan også finne skjema på internett.

Forliksrådet forkynner forliksklaga for innklaga. I dei fleste saker vil innklaga få pålegg om å svare på klaga - såkalla tilsvar. Dette skal vise kva standpunkt innklaga har til saka, og skal sendast tilbake til forliksrådet innan ein gitt frist.

Godtek innklaga klagarens påstand (utan å ynskje mekling), avseier forliksrådet dom på dette grunnlaget. Dersom påstanden blir bestridt, blir partane kalla inn til mekling. Dersom innklaga ikkje svarar, kan forliksrådet avseie fråveredom (uteblivelsesdom) i samsvar med påstand dersom klagar krev dette.

I visse saker vil forliksrådet kalle inn partane til mekling utan forkynning med pålegg om tilsvar. Dette gjeld til dømes i saker der dom ikkje er kravd i forliksklaga.

Møteplikt for partane:

Dersom du blir innkalt, har du som hovudregel personleg møteplikt, såfremt du ikkje bur eller har forretningsstad utanfor kommunen, eller har gyldig forfall. I dei fleste saker kan ein part likevel alltid møte ved ektefelle, barn eller svigerbarn som fullmektig. Næringsdrivande, selskap, foreiningar og liknande kan gje møtefullmakt til eit styremedlem eller ein tilsett.

Både advokatar, inkassobevillingshavarar og kommunale hovedstevnevitne har adgang til å vere møtefullmektig for dei som bur utanfor kommunen eller har gyldig forfall.

Dersom innklaga eller lovleg fullmektig ikkje møter etter innkalling, kan forliksrådet avseie såkalla fråveredom (uteblivelsesdom) dersom klagaren krev dette.

Forliksmekling og domsforhandling:

Når partane møter for forliksrådet, vil det først bli forsøkt mekling. Kjem forlik i stand, blir det sett opp ei forliksavtale (rettsforlik). Begge partane og medlemene i forliksrådet skriv under på forliket og saka er med det avslutta. FORLIKET ER UNNATEKE OFFENTLIGHEIT.

Dersom det ikkje er mogeleg å få i stand forlik, kan forliksrådet avseie dom dersom ein av partane krev dette. Domsforhandlingane skjer som regel i same møte. Det er visse begrensningar for domsmynde i enkelte saker. Finn foliksrådet saka for vanskeleg til å kunne dømme, kan saka bli vist til retten.

Forliksmelinga foregår bak lukka dører. Berre unntaksvis blir det gjeve adgang for andre til å vere til stades. Det gjeld i utgangspunktet også for advokatar eller andre medhjelparar som ynskjer å vere til stades saman med parten. Når forliksrådet skal avgjere om medhjelpar skal vere til stades, blir det mellom anna lagt vekt på jevnbyrd i forholdet mellom partane, herunder om motparten har advokat. Blir mekling avslutta utan resultat, og saka går til domsforhandling i forliksrådet, er møtene som hovudregel opne for alle og det er ikkje begrensning på bruk av medhjelpar (prosessfullmektig).

Anke og oppfrisking:

Når det blir avsagt uteblivelsesdom, har innklaga rett til å be om ny handsaming (oppfrisking) i forliksrådet innan 1 - ein - månad. Vilkåret for å få oppfrisking er at idømde sakskostnadar bilr deponert hjå forliksrådet. I tillegg må det betalast gebyr for ny handsaming, kr 845,-.

Alle dommar kan ankast til tingretten. Fristen er 1 - ein - månad frå forkynningsdato. For inngåtte forlik er det begrensa mogelegheit for å anke. Kjennelser som nektar å henvise eller avviser ei sak, kan påkjæres innan 1 - ein - månad frå forkynning. Kjæremålet skal framsetjast for forliksrådet.

Kva kostar handsaming i forliksrådet?

Den som ynskjer ei sak handsama i forliksrådet, må betale eit rettsgebyr på forskot.

Den som tapar saka, blir som regel dømd til å betale sakskostnadane. Dette kan i tillegg til gebyret vere godtgjering for arbeid med forliksklagen og møtegodtgjering. I tillegg kjem eventuelle inkassokostnader. Det er fastsett forskrifter for dette.

Meir informasjon:

Administrasjon av forliksrådet ligg på lensmannskontoret.

Ål lensmannskontor har telefonnr 32 08 61 00, faksnr 32 08 61 09
Publisert
21.05.2007
Sist endra
02.02.2011
Publisert av
Inger Lervåg

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune